Jubileums-/terrengløp 7.november

 

Velkomen til jubileumsløp i Tveitedalen.

Idrettslaget Ternen fyller 50 år, og ynskjer velkomen til jubileumsløp/terrengløp i Tveitedalen laurdag 7.november.

Start barneløp (6-12år) kl.11.00
Start frå 13 år og oppover kl.11.45

Informasjon:

Klasse 6–12 år
• Deltakarane spring ei løype på om lag 2,5km
• Langs løypa vil det vere nokre naturlege hinder og aktivitetselement, som til dømes: hinder å klatre over, balansehinder o.l.
• Det vil vere vakter plasserte ved bruer og andre viktige plasser

Klasse 13 år og eldre
• Deltakarane spring ei løype på om lag 2,5km
• Endeleg trasé blir fastsett veka før arrangementet, avhengig av vær og forholda i terrenget.
• Løypa vil gå gjennom variert terreng, mellom anna:
o Veg og grusveg
o Skogsstiar
o Myr

• Det vil vera eit skiskyttarelement i løypa (truleg ved sandtaket). Bom vil føre til strafferunder. Ca 30 sek per runde.

Det vert høve for å skifte i garderobanlegget i kjellaren.

Premieutdeling når alle er kome i mål.

Prisar:
Trimklasse                        kr 100,-
Konkurranseklasse            kr 100,-
Born (6-12 år)                  kr Gratis
Born (13-15år)                 kr 50,-

Open turkafè i Ternebu

Alle er hjarteleg velkomne.

Me ser fram til ein flott dag med aktivitet i dalen.

Arr. -IL Ternen-

  

Neste
Neste

Nytt lågterskeltilbod i Tveitedalen – ope for alle! 🏃‍♀️☕🧇