Om Idrettslaget Ternen

Idrett – fellesskap – meistring – dugnadsånd

Idrettslaget Ternen vart stifta på Sandvoll 12. november 1976. Frå starten var målet å skapa aktivitet og idrettstilbod for bygdene våre. Dei første åra stod særleg fotball, ski og friidrett sentralt, og allereie i 1977 hadde laget 116 medlemmer – med hovudtyngda blant born og unge.

Gjennom 50 år har Ternen vore langt meir enn eit idrettslag. Dugnad, frivillig innsats og menneske som stiller opp for kvarandre har vore sjølve grunnmuren. Generasjonar av eldsjeler har lagt ned utallige timar for å skapa aktivitet, byggja anlegg, arrangera treningar og konkurransar – og ikkje minst skapa gode møteplassar i lokalsamfunnet. Historia om Tveitedalen er eit godt døme: På 1980-talet vart det bygd skiløyper og lysløype gjennom ein omfattande dugnadsinnsats, før Ternebu vart teken i bruk i 1989.

I dag ønskjer me å ta denne arven vidare. Ternen skal vera eit inkluderande og aktivt idrettslag med låg terskel for deltaking, der det skal vera plass til både born, ungdom, vaksne og eldre. Me ønskjer å leggja til rette for aktivitet, naturopplevingar og sosiale møteplassar – anten målet er å konkurrera, trena, gå ein tur eller berre vera ein del av fellesskapet.

Tveitedalen og Ternebu er framleis hjarta i mykje av aktiviteten vår, men Ternen handlar først og fremst om menneska. Om dei som deltek, dei som trenar, dei som køyrer løyper, står i kiosken, bakar ei kake, tek ei vakt eller møter opp på dugnad. Det er summen av alle desse bidraga som har halde laget levande gjennom fem tiår.

I 2026 feirar me 50 år med Ternen. Samstundes ser me framover. Me ønskjer meir aktivitet, fleire medlemmer og vidare utvikling av gode og inkluderande møteplassar for bygdene våre.

Historia vår er bygd på dugnad. Framtida byggjer me saman.

Leiar: Julie H.Askeland
Kontakt: 97738651

Velkomen til Idrettslaget Ternen!