Takk for at du tek ei vakt!
Me set stor pris på at du deler av tida di for å halda Ternebu open. Det er med på å skapa gode opplevingar og fine minner for både små og store.
Dersom tidspunktet for vakta ikkje passar, er du sjølv ansvarleg for å byte vakt med nokon andre.
Nøklar finn du i kodeboksen på veggen.
For kode, kontakt:
Håkon: 909 68 737
Julie: 977 38 651
Tusen takk for at du bidreg!
Det at de tek dykk tid til å halda Ternebu open, er gull verdt. Saman skapar me ein triveleg møteplass og god stemning i dalen. ❤️
-
Lag kaffi og set fram vatn og saft.
Set fram det me har for sal, til dømes frukt, sjokolade, kakao og toddy. Me prøver gjerne å ha nokre sunnare alternativ òg.
Tekokaren kan stå framme, slik at folk kan laga seg te, kakao eller toddy.
Lag vaflar etter oppskrifta som heng på skapdøra. Ingrediensar finn du i kjøleskapet og i skuffa under disken. Det finst òg ferdig vaffelrøre ved behov.
Har du lyst, må du gjerne ta med noko heimelaga bakverk som kan seljast.
-
Hjelp oss med å halda Ternebu triveleg og ryddig:
Sjå til at det er nok toalettpapir og bossposar. Ekstra papir finn du på kottet i gangen.
Hald bord, kjøkken og fellesområde ryddige.
Følg med på kva varer som byrjar å gå tomme.
-
Vask av alle bord.
Set stolane på plass.
Vask over golv og toalett.
Sjå til at loftet og resten av Ternebu er ryddig.
Brukte oppvaskhandklede, klutar og moppar skal samlast og setjast på i kjellaren.
Boss skal kastast i containeren ved krysset nede ved hovudvegen før Ølfernes.
-
Vekslepengar får du etter avtale. Det skal ikkje liggja mykje kontantar att i kassen.
Om lag 500 kr i vekslepengar skal liggja i boksen – ikkje meir enn nødvendig.
Større kontantbeløp skal leverast til Marius Grønstøl, som set pengane inn på Ternen sin konto.
-
Manglar det matvarer eller andre varer, gjev du beskjed til nestemann på vaktlista, slik at dei kan handla inn.
Varer kan setjast på IL Ternen hos Spar Valen.
Du kan òg kontakta Julie på 977 38 651.