Ved utleige kontakt:

Line S.Holmedal: 93027871  

Reglar og prisar for utleige av Ternebu

1. Prisar

  • Dagsleige: 500 kr

  • Dagsleige m/ overnatting: 1500 kr

  • Helg (fre–sun): 2000 kr

  • Utvask utført av laget: 5000 kr

2. Krav til reinhald

Lånar skal:

  • Vaske golv, toalett og kjøkken etter bruk

  • Tømme søppel og levere i container ved avkøyringa til fv. 500

  • Setje bord, stolar og utstyr tilbake på rett plass

  • Sjekke at kjøl og frys er tømd

  • Sjekke at alle vindauge og dører er låste ved avreise

  • Leggje brukte moppar og klutar i bøtte på vaskerom

Manglande reinhald kan føre til gebyr.

3. Standard på huset

Huset er drive på dugnad. Ein kan ikkje forvente 100 % reint til ei kvar tid, men alle skal bidra til å halde god standard.

4. Ansvar

Lånar er ansvarleg for:

  • Skadar

  • Tap av utstyr

  • Ta av vifter på kjøkken og ta ut stikkontakt på oppvaskmaskin og TV

  • Melde frå ved manglar eller uføresette hendingar

5. Generelle reglar

  • Røyking er forbode inne

  • Rømmingsvegar skal vere frie

  • Ved overnatting skal det vera våken nattevakt

  • Medlemmer i laget har fortrinn på utleige jf. vedtekter

  • Det kan ikkje bookast utleige meir enn eitt år fram i tid, jf. vedtekter

  • Ikkje lov med husdyr inne                                                                            -Styret-                                                                      

Ternebu:

Det er eit enkelt, men koselig lokale med høve for å dekke til kring 50-60 personar
Mange muligheter.

Kvit serivce: Middagstallerkar
Frukosttellerkar
Kaffiserivce,
Raudvinsglas 50
Kvitvinsglas 50
Vannglas 50
Serveringsbestikk,
Serveringsfat, 6 stk
Serverings skåler
Gaflar, knivar, skeier, t-skeier
Kakespadar,  5 stk
Vatnkaraflar
T-lysestakar
Svarte smijern til lys
Tyttebærskåler

Storskjerm m/lydplanke
Utstyr for div. trening i kjellaren
Spel og puslespel på lofet

Loft med 10 stk sovealkover.
Me held no på å bygge om til også 2 soverom på loftet.

NB! Ved overnatting må ein ha vaken nattevakt ihht. brannforskrift.