Nytt lågterskeltilbod i Tveitedalen – ope for alle! 🏃‍♀️☕🧇

Idrettslaget Ternen ønskjer å skapa meir aktivitet, lågare terskel og fleire gode møteplassar i Tveitedalen. No startar me opp eit nytt og sosialt treningstilbod der alle er velkomne, uavhengig av alder og fysisk form!

Oppstart: Onsdag 14. oktober kl. 18.00
Når: Onsdagar i partalsveker
Stad: Tveitedalen

Tilbodet er enkelt: Ei roleg jogge-, gå- eller treningsøkt der alle deltek på sitt eige nivå. Her handlar det ikkje om prestasjonar, men om rørsleglede, meistring og fellesskap.

Meir enn berre trening ❤️

Etter treninga ønskjer me å leggja til rette for ein sosial møteplass i Ternebu, med kaffi, vaflar og ein god prat.

Du treng ikkje delta på treninga for å vere ein del av fellesskapet. Alle er velkomne innom!

For å få dette til håpar me at nokon har lyst til å bidra med kaffikoking og vaffelsteiking. Planen er ei enkel rullering, slik at fleire kan dela på oppgåvene og bidra når det passar.

Har du lyst til å bidra? Ta gjerne kontakt med oss!

Med dette tiltaket ønskjer IL Ternen å skapa aktivitet og møteplassar på tvers av alder og interesser, og bidra til eit inkluderande fellesskap i levande bygder.

Saman skapar me aktivitet, meistring og fellesskap i Tveitedalen!

Velkomen! ❤️

Neste
Neste

Jubileumsmarkering - Ternen 50 år