FOR EIN DAG OG KVELD – OG FOR EI FEIRING!
Eg sit att med ei heilt spesiell kjensle etter laurdagens jubileumsmarkering og fest.
Det vart ein flott dag i Tveitedalen under jubiluemsløpet, der værgudane viste seg frå si beste side. Det vart strålande sol og kaldt vintervær. Rett og slett ein magisk dag i dalen!
Det stilte mange på startstreken, og det var kamp til siste slutt. Utruleg kjekt å sjå så mykje idrettsglede, meistring og der konkurranseinstinktet verkeleg kom fram i nokre duellar. Nokon fekk kjenne ekstra på kva “kant ut” vil seia, og fekk nokre heftig strafferundar grunna bom. - nokon fleire enn andre…
Takk til både deltakarar, publikum og dei som var med og bidrog på ulike vis til arrangementet.
Og for ein fantastisk kveld me fekk saman då me feira 50 år med Idrettslaget Ternen!
Som leiar kjenner eg på ei enorm stoltheit, takksemd og audmjukskap over å få vera ein del av dette fellesskapet
Tusen takk til alle dåke som kom og feira saman med oss! De var med på å skapa ei fantastisk ramme rundt jubileet, fylt med glede, latter, gode samtalar og flotte opplevingar.
Tusen takk for alle dei flotte talane, dei varme orda, helsingane og gåvene. Det var både rørande og inspirerande å høyra kva Idrettslaget Ternen har betydd, og framleis betyr, for så mange.
Og ikkje minst – ei enorm takk til alle som har stått på! Til alle som har planlagt, organisert, handla, rigga, pynta, laga til, servert, rydda og bidrege på små og store måtar. Utan dåke hadde me aldri fått til denne festen! Det ligg utruleg mange dugnadstimar og mykje engasjement bak ein slik kveld.
Eg er både stolt og audmjuk over kva me får til når me står saman. For da er nettopp dette Idrettslaget Ternen handlar om – menneske som stiller opp for kvarandre, skapar aktivitet, byggjer fellesskap og gjev av seg sjølve for at andre skal få gode opplevingar.
50 år med idrettsglede, dugnadsånd og fellesskap – og me har mykje å gle oss til vidare!
Frå djupet av hjartet – TUSEN HJARTELEG TAKK, ALLE SAMAN!
-Julie-
Bilete lånt av Kivnnheringen