Ny klekolleksjon frå Idrettslaget Ternen! 🔴🔵
Me er stolte av å kunne presentera Idrettslaget Ternen sin nye klekolleksjon! No får både små og store høve til å kle seg i Ternen sine fargar – anten det er til trening, konkurranse eller fritid. Eit samarbeid med SPORT1 Husnes.
Kolleksjonen har eit gjennomgåande design i marineblått med Ternen-logo og sponsorlogoar.
👕 Kom innom SPORT1 og prøv!
Allereie i dag er det mogleg å ta turen innom butikken for å sjå nærare på kolleksjonen, prøva storleikar og leggja inn bestilling.
Det er tilgjengelege prøvestorleikar frå 110/116 til XXL, både for junior og senior.
Kva klede kan ein bestilla?
Kolleksjonen omfattar mellom anna:
Treningsjakke og treningsbukse (ulike modellar)
Marineblå T-skjorter frå Umbro
Parkas frå Umbro
Vest, tights og racingdress
Andre aktuelle plagg frå katalogen
Umbro-parkas er allereie lagerført. T-skjortene kan prøvast i raudt i både junior- og seniorstorleikar, medan marineblå T-skjorter førebels må bestillast.
Andre plagg vil bli vurderte for lagerføring etter interesse og etterspurnad. Alle plagg kan bestillast og prøvast før ein eventuelt vel å få dei påtrykte.
💰 Medlemsfordel – 20 % rabatt!
Som medlem i Idrettslaget Ternen får du 20 % rabatt ved kjøp i butikk!
Trykk kjem i tillegg:
Ternen-logo på bryst, bukse eller rygg: kr 35 per trykk
Sponsorlogo: kr 50 per trykk
🎁 Julegåvetips!
Kva med Ternen-klede under juletreet i år?
Kleda er lova leverte i god tid før jul. Dersom du skal kjøpa klede i gåve, kan det vera lurt å bestilla utan trykk først. Då kan mottakaren prøva plagget og få påført logoar når ein veit at storleiken passar.
Fellesskap – meistring – dugnadsånd ❤️
Me håpar mange vil nytta høvet til å skaffa seg klede frå den nye kolleksjonen. Det er kjekt å kunna synleggjera tilhøyrsla til Idrettslaget Ternen, både på trening, i konkurransar og elles i kvardagen.
Ta turen innom butikken, sjekk ut kolleksjonen og finn dine Ternen-favorittar!
Her ser ein korleis jakka vil sjå ut med sponsorlogo. Ikkje fått Ternenlogo på denne, men det vil sjølvsagt vere likt som før.