EIT VIKTIG STEG VIDARE FOR «UT SAMAN»!
Me i Idrettslaget Ternen har fått ei fantastisk gledeleg melding!
I går stilte Håkon Askeland på utdelinga til Sparebanken Norge. Her fekk me tildelt heile 200 000 kroner til prosjektet «UT SAMAN – aktivitet, meistring og fellesskap»!
Dette er eit svært viktig bidrag og eit stort steg vidare i arbeidet med å vidareutvikla Tveitedalen til ein endå meir inkluderande og tilrettelagd møteplass for aktivitet, naturopplevingar og fellesskap
Gjennom prosjektet ønskjer me å skape nye moglegheiter for aktivitet og meistring, på tvers av alder og funksjonsnivå. Ein stad der fleire kan delta, oppleve tilhøyrsle og vere UTE SAMAN!
Me har framleis eit stykke arbeid framfor oss, både med planlegging og finansiering, men denne tildelinga gjev oss eit viktig løft og stor motivasjon til å arbeide vidare
Ein stor og hjarteleg takk til Sparebanken Norge for tilliten, støtta og trua på prosjektet vårt! Det betyr mykje å ha med seg ein samfunnsaktør som ser verdien av å investere i aktivitet, inkludering og levande lokalsamfunn.
Saman skaper me moglegheiter – og saman får me ting til å skje!
#ILTernen #UTSAMAN #SparebankenNorge #Tveitedalen #AktivitetMeistringFellesskap