Jubileumsreportasje i Plassapodden

50 år med Idrettslaget Ternen – historie, fellesskap og framtid!

I høve 50-årsjubileet vårt vart me inviterte av Sigurd Vikøren til ein hyggeleg podkastprat om Idrettslaget Ternen.

Frå fredag 30.10 treff du Magne Heien, Håkon Askeland og Julie Holmedal Askeland i Plassapodden sin episode 63.

Det vart eit fint tilbakeblikk på 50 år med idrettsglede, dugnadsånd og fellesskap.

Me løfta fram gode historier, menneska som har vore med og forma laget, og ikkje minst kor viktig eit idrettslag kan vera som samfunnsaktør og møteplass i lokalsamfunnet.

Me fekk òg prata om framtida og dei spennande planane våre.

Ta gjerne ein utsjekk og bli med oss på ei lita reise gjennom historia til Ternen, høyr om aktivitetar, verdiane våre – og tankane og planar for vegen vidare!

Tusen takk til Sigurd for invitasjonen og ein kjekk prat!

Het finn du lenka til episoden:
https://www.youtube.com/watch?v=F2KziZNA_kk

Neste
Neste

Jubileums t-skjorter