Oppstart av skitrening i Erslandsparken 🎿

Torsdag 22. oktober startar skigruppa i Idrettslaget Ternen opp att med trening i Erslandsparken! Me ønskjer både nye og tidlegare deltakarar velkomne til ein ny sesong med aktivitet, meistring og fellesskap.

Treningstilbodet er ope for alle frå skulealder og oppover, og me legg til rette for at alle kan delta ut frå eigne føresetnader.

📅 Tid og stad

  • Dato: Torsdag 22. oktober

  • Klokkeslett: 17.30–18.30

  • Stad: Erslandsparken

  • Hugs: Kle deg etter vêret og ta med refleksvest!

🎿 Me satsar på rulleski!

Takka vere økonomisk støtte frå Mowi har IL Ternen no gått til innkjøp av rulleskiutstyr som skal vere tilgjengeleg for utlån. Dette er eit viktig steg i arbeidet vårt med å skape eit inkluderande og lågterskel treningstilbod, der ein ikkje treng å investere i alt utstyret sjølv for å kunne delta.

Skiskoa er venta i slutten av november, då dette er sesongvare. Me oppmodar difor dei som har eigne skisko, om å ta desse med på trening.

❄️ Frå rulleski til snø i Tveitedalen

Me startar sesongen i Erslandsparken, der me har flotte forhold for aktivitet og rulleski. Når snøen kjem, flyttar me treningane til Tveitedalen, der me held fram med skileik og skitrening gjennom vinteren.

Me håpar mange har lyst til å vere med, både dei som har gått mykje på ski tidlegare, og dei som ønskjer å prøve noko nytt.

Velkomen til ein ny skisesong med IL Ternen! ❤️

Fellesskap – meistring – dugnadsånd