Framsida
Meny
Framsida
Reiseplanlegging
Løypeinfo
Ternebu
Vaktlister 2020
Skirenn 2019
VARDEN OPP 2019
Postvegløpet 2019
BIDRAG
BIRKEN 2017
PLANAR
Bildegalleri
Resultatlister
Aktivitetar i Ternen
Sponsor
Medlemskontigent
MØTER
Ferdige prosjekter
GRASROTANDELEN
TERNENDRESSEN
Nyhende
Dagens bilete
Fine forhold i dalen
Linker

Kioskvakter i buo er klar!

Det er supert at dei som er med og står på ski har ein kvar sin dugnadsrunde i kiosken. Dette er i grunnen ei kosleg stund for store og små!
 

Generelt:

 

·        Nøklar får ein viss ein kontaktar Gro, Magne eller Yngvar- sjå tlfnr oppe

 

·        Det finnes ferdig vaffelrøra for dei som ikkje klarer å mekke ei solid ei på eiga hand eller etter oppskrifta som heng på skapdøra. Ingrediensar i kjøleskap og i langskapet.

 

·        Kok kaffi , sett fram ei mugge med vatn og saft, sett fram frukt,sjokolade, toddy/kakao, alt me har for sal. Me prøver å etterstrebar eit litt sunnare kosthald.

 

·        Tekokaren står framme så folk kan koka etter kvart til kakao/toddy/te

 

·        Ein kan gjerna ta med noko ein har baka sjølv og selga viss ein vil.

 

·        Ein har ansvar for at det er nok papir på toaletta, bossposar i spanna, og hyggeleg i Ternebu. Papir er på kottet ved ytterdøra.

 

·        Ein skal vaske av alle borda, setje opp stolar og vaske over golv, toalett, og sjå til at loftet er ryddig.

 

·        Brukte oppvaskhandklede/klutar og moppar kan setjast på i kjellaren, eller samlast opp og leverast til Gro.

 

·        Bosset skal ned til kontaineren til turistane i kryssen heilt nede på hovudvegen før Ølfernes.

 

·        Vekslepengar får ein etter avtale, det skal ikkje liggje for mykje pengar att i kassen- ca 1000 kr i smått og litt stort skal til ei kvar tid liggje i boksen, men aldri meir. Gro og Yngvar tek imot større summar og sett det inn på Ternen sin konto.

 

·        Matvarer som manglar, må meldast til Gro på SMS 90875737, eller handlast inn og setjast på il Ternen på Spar Valen.

 

·        Kjekt at de gjev oss litt av di tid til å halde Ternebu open- det er gull verdt for å skapa ein positiv og god stemning i dalen.

 

·        Vaktlista er alle satt opp to gonger, men sannsynlevis varer ikkje sesongen så lenge.

 
 

For styret,

Gro R. Saghaug

 
 
 
 
Vaktliste_i_Tveitedalen_mars_2020.docx
 
 
  Tilbake

 
Eldre nyhende
01.09.2019
Årsmøte / Saksliste 27.08.2020
Ternen inviterer til årsmøte 27.08.2020
05.03.2019
Saksliste til årsmøte i IL Ternen 21.05.2019 KL 18.00
30.01.2019
Karusellrenn 5.februar


Ternen ynskjer velkomen til det 2. karusellrennet 5.februar 2019.Her finn de nettadressa for påmelding:https://signup.eqtiming.no/Pamelding/Kvinnherad-karusellen-renn-2-Tveitedalen/g295.12781?Event=IL_Ternen

Velkomne alle saman.

NB!Barnerenn kl.18.00. Premie til alle opp til 10 år.
11.01.2019
Skistavar og skisko?
Er det nokon som har skistavar og skisko (nnn-binding) liggande? (Stavar: 100-160cm)(Sko:str.28 og oppover)Vi har fått sponsa 10 par ski (130-170 cm)i frå Sport1, og ynskjer difor å suplere for utlån. Planen er å få til eit utlån for dei som ikkje har.Ta kontakt med Håkon (tlf.90968737)

På forhånd takk :)
11.01.2019
Vaktliste 2019
No er vaktlistene klare for 2019 sjølv om snøen enno ikkje er komen, men då kan ein planlegge i tilfelle snøfall. Vi prøver til beste evne å legge ut info om løypeforholda i dalen.


Fint om alle sjekker ut kva tid ein har ansvar, og byter innbyrdes om ein ikkje har høve.

På førehand takk :)
IL Ternen  -  Telefon: 90 87 57 37(Gro)  grors75@gmail.com  Org.Nr 983 759 572
Dynamiske websider: iDrift AS