 |
|
Medlemskontingent 2026 | MEDLEMSKONTIGENT 2026
Det er frå 2026 endra prisar på medlemsskap i IL Ternen. Dette vart vedtatt på årsmøtet vårt. Framleis er det mange som ikkje er registrert seg for å motta faktura frå oss. Me håpar de melder dykk inn slik at medlemstalet vert korrekt. Dette er viktig mtp. midlar og støtte til laget. På førehand takk :) | | | Prisar er som følgjer; Aktiv familie: Kr 800,- Aktiv enkeltmedlem: Kr 500,- Støttemedlem familie: Kr 500,- Støttemedlem enkel: Kr 200,- | | | For å registrere deg kan du enten følgje denne lenka: | | | | https://medlemskap.nif.no/25261 (kopier og lim inn i web-lesaren), | | | eller skrive opp namn, tlf.nummer og mail-adresse å sende på messenger til Ternen eller til mob.nr 977 38 651 (Julie).Du får då tilsendt invitasjon på medlemskap i Ternen. Vi set stor pris på alle som ynskjer å vera medlem, samt støtte oss slik at vi kan bidra med lågterskeltilbod gjennom heile året, og ikkje minst ha flotte skiløyper vinterstid. I tillegg heng medlemstalet saman med støtte/tilskot frå statlege organ. | | | På førehand takk | | | VIKTIG! Dersom ein ynskjer aktiv familie må alle i familien (under 18 år) registrerast slik at vi kan koble saman familiemedlemmer og sende ut aktiv familiekontingent. Ungdom over 15 år er sjølv aktiv brukar i mindrett.no | | | | | | | | | | | | | |
| |
|
| Siste nyhende | | | | 12.03.2026 | TERNENBASAR 22.MARS | Idrettslaget Ternen invitere til årets Ternenbasar i Utåker bygdahus, sundag 22.mars kl.15.
Program:
· Åresal · Trekning av bøker(boklotteri) · Trekning turbøker · Div. informasjon frå Idrettslag
Gratis kaker og kaffi
Me håpar du har lyst til å koma å tilbringa ein ettermiddag saman med gode sambygdingar.
Dersom du ynskjer å kjøpa lodd kan du vippsa til Julie (97738651), så fører ho deg inn i loddbøkene våre.
| | 12.03.2026 | Årsmøte 2026 | Styret kallar med dette inn til årsmøte i IL Ternen, onsdag 15.april kl.18.00, i Ternebu.Saker som du/de meiner bør bli tatt opp på årsmøtet, må meldast i frå til styret innan onsdag 01.04.26 Send e-post til: julie.askeland80@gmail hakonaskeland75@gmail.com
eller ring/send sms: Julie H.Askeland: 97738651 Håkon Askeland: 90968737
Fullstendig saklista med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengeleg på årsmøtet.
Velkomen til årsmøte! Med vennleg helsing Styret
| | 14.04.2025 | Årsmøte | Årsmøte Utsatt til MANDAG 12.05.25 | | 16.02.2025 | Kvinnheradmeisterskap 23.02.25 | Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00Stad: Tveitedalen Stilart: Klassisk, intervallstart enkelstart. Påmelding: Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25 | | 24.01.2025 | Medlemskontingent 2025 | Det er no sendt ut medlemskontingent for 2025 til dei som er registrerte i MinIdrett. Men me registrerer at det framleis er mange som ikkje har fått registret seg, så me får difor ikkje eit reelt medlemstal. Håpar difor dei som ynskjer og meiner ein tilhøyrer IL Ternen om å melde seg inn.
Det ligg informasjon på fana - medlemskontingent.
Spør gjerne om ein treng hjelp :)
På førehand takk! | | | | |
|
|
IL Ternen - Telefon: 95223888 (Iver Andreas Blokkum) ilternen@gmail.com Org.Nr 983 759 572 |
|
| Dynamiske websider: iDrift AS |