Framsida
Meny
Framsida
Reiseplanlegging
Løypeinfo
Utleige Ternebu
Vaktlister 2026
Skirenn
Bildegalleri
Resultatlister
Aktivitetar i Ternen
Sponsor
Medlemskontigent
Møter
Grasrotandel
Ternendress
DUGNAD
Nyhende
Dagens bilete
Hausten er komen til dalen
Linker
Klikk på bilete for full storleik
 

Grasrotandelen- Ternen

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velge eitt lag eller ein forening som du ynskje å støtta - din Grasrotmottaker. Vi oppfordrar deg til å støtta oss i il Ternen og arbeidet me legg ned i Tveitedalen skisenter og aktivitetar for små og store i bygdene våre! 

Tenk deg at du kan spele favorittspela dine - Lotto, Tipping og Joker til dømes - og samtidig gje noko meir til det laget eller den foreninga du sjølv ynskjer å støtte. Dette er nå mogleg via Grasrotandelen.

 

Ved spel hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til ditt lag eller forening (gjelder ikkje Extra og Flax).

Merk at Grasrotandelen ikkje går ut over innsatsen eller premien din - du vert ikkje belasta noko for å vere grasrotgjevar.

 

Du treng Norsk Tipping Spillerkort for å knytta deg til Grasrotandelen. Spelekort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan tinga det på www.norsk-tipping.no.

 

Vi oppfordrar deg til å knytta deg til ordninga allereie i dag, og du gjere det på ein av følgande måtar:

  1. Hos Kommisjonær: Ta med deg strekkoden og ditt spelarkort til ein av Norsk Tippings mange kommisjonærar.

  2. SMS: GRASROTANDELEN

    983759572 til 2020 (tenesten er gratis).

  3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no.

  4. Norsk Tipping Mobilspill.

Meir informasjon finns på www.grasrotandelen.no. Her vil du og kunne følgje med på kor mykje Grasrotandelene genererar for dei enkelte Grasrotmottakarane.

Takk for at du støttar oss!

 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
12.03.2026
TERNENBASAR 22.MARS
Idrettslaget Ternen invitere til årets Ternenbasar i Utåker bygdahus, sundag 22.mars kl.15.

Program:

·       Åresal
·       Trekning av bøker(boklotteri)
·       Trekning turbøker
·       Div. informasjon frå Idrettslag



Gratis kaker og kaffi



Me håpar du har lyst til å koma å tilbringa ein ettermiddag saman med gode sambygdingar.


Dersom du ynskjer å kjøpa lodd kan du vippsa til Julie (97738651), så fører ho deg inn i loddbøkene våre.
12.03.2026
Årsmøte 2026

Styret kallar med dette inn til årsmøte i IL Ternen, onsdag 15.april kl.18.00, i Ternebu.Saker som du/de meiner bør bli tatt opp på årsmøtet, må meldast i frå til styret innan onsdag 01.04.26
Send e-post til:
julie.askeland80@gmail
hakonaskeland75@gmail.com

eller ring/send sms:
Julie H.Askeland: 97738651
Håkon Askeland: 90968737

Fullstendig saklista med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengeleg på årsmøtet.

Velkomen til årsmøte!
Med vennleg helsing
Styret 
14.04.2025
Årsmøte
Årsmøte Utsatt til MANDAG 12.05.25
16.02.2025
Kvinnheradmeisterskap 23.02.25

Idrettslaget Ternen inviterer til Kvinnheradkarusellen og Kvinnherameisterskap på ski i klassisk stil, 23.februar kl.13.00
Stad:                    Tveitedalen
Stilart:                  Klassisk, intervallstart enkelstart.
Påmelding:           Kvinnheradmeisterskap på ski, Tveitedalen 23.02.25
24.01.2025
Medlemskontingent 2025
Det er no sendt ut medlemskontingent for 2025 til dei som er registrerte i MinIdrett. Men me registrerer at det framleis er mange som ikkje har fått registret seg, så me får difor ikkje eit reelt medlemstal. Håpar difor dei som ynskjer og meiner ein tilhøyrer IL Ternen om å melde seg inn.

Det ligg informasjon på fana - medlemskontingent.

Spør gjerne om ein treng hjelp :)

På førehand takk!
IL Ternen  -  Telefon: 95223888 (Iver Andreas Blokkum)  ilternen@gmail.com  Org.Nr 983 759 572
Dynamiske websider: iDrift AS